Eg er. Eg har også nettopp oppretta ein blogg, med håp om å ein dag bli lenkja til frå vg.no under ein artikkel om halvnakne skatestunt og nye bond-bilar uten tak. Det er viktig med ambisjonar om ein skal lukkast her i livet.
Eg har ikkje tenkt å skrive "eg veit då ikkje heilt kva eg skal skrive her då, men, he he", eller "eg berre oppretta ein blogg eg, og dette er min aller første post", sjølv om det er satan så fristande. Sannheita er at eg prøvde å sove. Eg låg i uante posisjonar. Den siste var fosterstilling, og etter at eg fant ut at eg aldri fant den rette staden for testikkelane mine å vere, tok eg affere og oppretta denne bloggen.
Klokka er 3:53. Nokon vil kanskje vere ueinige. Det er greit.
fredag 27. februar 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)